Hopp til innhold
NUPI skole
170822-arendalsuka-radikalisering copy.jpg

Arrangement

ARENDALSUKA: Folk flest blir ikkje radikalisert

Det meste av forskinga på valdeleg ekstremisme fokuserer på kvifor folk blir radikalisert. Men dei fleste blir ikkje det. Kva gjer at folk flest ikkje blir radikaliserte?
17 august 2022
12:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Clarion Hotel Tyholmen, Lille Torungen, Arendal
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Afrika
  • Opprørsgrupper
  • Norsk
  • Seminar
  • Fysisk

Meir om seminaret her.

Det har blitt forska mykje på valdeleg ekstremisme dei siste åra, men brorparten av denne forskinga fokuserer på  kvifor det skjer. Altså kvifor folk blir radikalisert og kvifor dei prøver å utføre eller faktisk utfører valdelege handlingar, til dømes ved å slutte seg til Den islamske staten (IS). Dette er eit viktig fokus, men det er likevel eit faktum at sjølv i område hardt ramma av radikalisering og valdeleg ekstremisme er det berre ein liten minoritet som faktisk sluttar seg til slike idear og rørsler. 

Sjå arrangementet i opptak:

Vi veit at ulike samfunn har ulike grader av det vi kallar eit «radikaliseringsfremjande miljø» . Spesifikke sosio-økonomiske faktorar speler inn der dette hender, som til dømes høg arbeidsløyse, knappleik på ressursar og få eller ingen moglegheiter for sosial mobilitet. Det er likevel store forskjellar lokalt, sjølv om mange eller alle dei nemnde trekka kan vere til stades. Nokre landsbyar eller lokalsamfunn er meir mottakelege for radikalisering og valdeleg ekstremisme, mens andre utviser mykje større motstandskraft. I nokre tilfelle kan vi spore dette tilbake til ein vellykka intervensjon, i andre tilfelle er det døme på lokalsamfunn som utviser stor motstandskraft utan at ekstern intervensjon kan påvisast. 

I lys av funn frå PREVEX, eit forskingsprosjekt om radikalisering og valdeleg ekstremisme på Balkan, Midt-Austen, Nord-Afrika og Sahel, vil vi diskutere kva som påverkar ulike befolkningsgruppers motstandskraft mot radikalisering og valdeleg ekstremisme.

Talere

Morten Bøås
Forsker I
Kari M. Osland
Direktør
David Hansen
Førsteamanuensis, KRUS
Sveinung Sandberg
Sosiolog, UiO
17 august 2022
12:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Clarion Hotel Tyholmen, Lille Torungen, Arendal
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Afrika
  • Opprørsgrupper
  • Norsk
  • Seminar
  • Fysisk