Påmeldinga til denne konferansen er no stengd.

Kva innverknad har krigen i Ukraina på den russiske økonomien og energisektoren? Korleis påverkar sanksjonane økonomien i landet? Russland er den største eksportøren i verda av fossil energi. Korleis endrar tilnærminga landet har til global dekarbunisering og klimaendring seg?

Dette er noko av det som skal diskuterast på Russlandskonferansen 2022. Konferansen er det viktigaste arrangementet for brei diskusjon av russlandsspørsmål i Noreg og samlar framståande norske og internasjonale deltakarar med interesse for Russland. I år blir konferansen organisert i samarbeid mellom NUPI og FNI, og er også ein del av prosjektet KODAK.

Arrangementet finn stad 15. november 2022 på Litteraturhuset i Oslo, og varer frå 09.00 til 12.40. Konferansen går føre seg på engelsk.

Konferansen vil også strøymast til vår YouTube-kanal. Du skal ikkje melde deg på viss du berre skal følgje konferansen digitalt.

 

PROGRAM:

08.30

Dørene opnar, kaffi og te

09.00 

Opning ved NUPI-direktør Ulf Sverdrup

09.05

Opning ved utanriksminister Anniken Huitfeldt

09.15

Hovudtale ved Iikka Korhonen, Bank of Finland Institute for Economies in Transition

09.25 

Panel 1: Russisk økonomi og sanksjonar mot Russland

 

I panelet:

         Iikka Korhonen, Bank of Finland Institute for Economies in Transition

         Arne Melchior, NUPI

         Cecilie Sendstad, Forsvarets forskingsinstitutt (FFI)

          Ingerid Opdahl, Institutt for forsvarsstudium (IFS)

Ordstyrar:

         Roman Vakulchuk, NUPI

10.40

PAUSE

11.00

Panel 2: Den russiske energisektoren og global avkarbonsiering i ei tid med store omveltingar

 

I panelet:

          David Tarr, Verdsbanken

          Anna Korppoo, Fridtjof Nansens Institutt

          Jack Sharples, Oxford Institute for Energy Studies

          Tatiana Mitrova, Columbia University

Ordstyrar:

          Arild Moe, Fridtjof Nansens Institutt

12.15

Avslutning ved leiar for Forskningsgruppen for Russland, Asia og internasjonal handel på NUPI, Kristin Fjæstad.

12.20

LUNSJ