Sahel har sjeldan vore å sjå i debattar om global tryggleik. i seinare tid har dette området likevel vorte sett på dagsorden for det internasjonale samfunnet, fordi ein i regionen møter samanfiltra utfordringar rundt omstridde statar, jihadistisk opprør og ustabile regime.
i seinare tids hendingar i Mali og Burkina Faso har gitt Sahel-krisa endå ein ny dimensjon då militæret igjen har entra den politiske arenaen. Dette fell saman med auka lokal misnøye med Frankrike og dei franskleidde kontraterroroperasjonane, som Barkhane og Takouba. Ein konsekvens av dette er at dei militære leiarane i Mali har vendt dei strategiske alliansane sine mot nye aktørar som Russland og det russiske private tryggingsselskapet Wagner Group.
På dette webinaret kombinerer vi ulike perspektiv for å utforska rammene for polistisk orden i Sahel. Fokuset vil liggja på regional tryggleik og fleirnivåstyring det siste tiåret. Vi skal også sjå på utfordringane med statars sårbarheit og motstandskrafta i samfunnet der ein nå ser både aukande ekstern intervensjon og internasjonal rivalisering.
Forskarar frå NUPI og Alliance for Rebuilding Governance in Africa (ARGA), som har base i Sahel, skal diskutera korleis aktuelle hendingar passar med funna frå FRAGVENT-prosjektet, og kva følgjer dette har for breiare og dyper eendring av politisk orden i Sahel. Det vil vera mogleg å stilla spørsmål til paneldeltakarane undervegs.