Hopp til innhold
NUPI skole
hhd-ukraina-plakat.png

Arrangement

Skole-webinar om Ukraina-krigen

Meld klassen din på webinar og send inn spørsmåla dine til forskarane våre.
16 mars 2022
11:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Norsk
  • Seminar
  • Digital

Meld på klassen din ved å sende e-post til skule@nupi.no. Seminaret vil gå føre seg på Teams, og vi sender ut lenkje dagen før. 

Behovet for kunnskap om alle aspekt ved krigen er umetteleg. Hos NUPI jobbar nokre av Noregs fremste russlandsforskarar, og vi ønskjer at elevar på vidaregåande skule skal få høvet til å lære direkte av desse. 

Vi startar med ei kort innleiing frå kvar av forskarane før vi går over på ein spørsmålsrunde der elevane skal få svar på det dei lurer mest på akkurat no.

Kvifor grip ikkje NATO inn i Ukraina?

Er Putin diktator? 

Kvifor blir sosiale medium stengt i Russland?

Send inn dine eller dine elevars spørsmål til skule@nupi.no i løpet av måndag 14. mars. Du kan også sende inn spørsmål direkte på Teams under webinaret.

Her møter du Helge Blakkisrud, Natalia Moen-Larsen og Tora Naterstad. 

Vi tar opptak av seminaret! Vil du sjå det saman med klassen din seinare, send oss ein e-post, så sender vi deg lenkje til opptaket.

NUPI har i 60 år gitt ut artikkelserien Kvar hender det?, som har vidaregåande skule som målgruppe. Ønskjer du å lese meir om Ukraina-krigen, eller lære meir om andre spørsmål om internasjonal politikk, er sidan verd eit besøk. Det følgjer også med arbeidsoppgåver som kan vere ein inspirasjon til undervisninga for lærarar. 

Kvar hender det? har også ein eigen podkast. Her tilbyr vi korte episodar om dei temaa som er viktigast i verda akkurat no. 

Høyr eit døme her: 

16 mars 2022
11:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Norsk
  • Seminar
  • Digital