Arrangement
Ny norsk nordområdestrategi: Vegval for Noreg i Arktis
NUPI inviterer til ope seminar om Noregs nye strategi for norsk nordområdepolitikk.
05 september 2025
10:00 - 11:30 Europe/Oslo
NUPI, Rosenkrantz' gate 22, 0160 Oslo
Noreg står framfor viktige vegval i nord. I ei tid prega av tryggingspolitisk uro, grøn omstilling og auka stormaktsrivalisering i Arktis, har regjeringa lagt fram ein ny strategi for norsk nordområdepolitikk. Strategien har fem prioriterte innsatsområde og løftar fram både tryggleik, infrastruktur og næringsutvikling.
KLIKK HER FOR Å MELDE DEG PÅ.
Vi spør:
- Kva pregar den tryggingspolitiske situasjonen i Arktis?
- Kva er Noregs viktigaste interesser i regionen, og korleis kan vi sikre handlefridom og innverknad i eit område som stadig oftare blir prega av geopolitiske spenningar og ressurskamp?
- Er den nye nordområdestrategien tilstrekkeleg for å vareta norske utanrikspolitiske interesser?
Deltakarar:
- Statssekretær i Utanriksdepartementet, Maria Vartessian (Ap)
- Statssekretær i Forsvarsdepartementet, Marte Gerhardsen (Ap)
- Leiar, Utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget, Ine Marie Søreide (H)
- Forskar I, NUPI, Karsten Friis
- direktør, Senter for hav og Arktis, UiT Norges arktiske universitet, Jan-Gunnar Winther
- Forskar I, NUPI, Elana Wilson Rowe (ordstyrar)
Arrangementet blir også strøymt til NUPIs YouTube-kanal:
Bidragsytere:
Maria Varteressian
Stortingsrepresentant (Ap)
Ine Eriksen Søreide
Stortingsrepresentant (H)
Marte Gerhardsen
Statssekretær (Ap), Forsvarsdepartementet
Jan-Gunnar Winther
Direktør Senter for hav og Arktis, UiT Norges arktiske universitet