Hopp til innhold
NUPI skole

Korleis fortel barnenyheiter om utanrikspolitikk?

Verdsnyheiter for norske barn og unge er ofte annleis enn verdsnyheiter for vaksne. Men kva kjenneteiknar utanriksnyheiter for barn – og har det noka betydning?
Barn ser på TV Foto skynesher iStock_169.jpg

MÅ PASSE PÅ: Sjølv om det er forståeleg og viktig at medium retta mot barn prøver å dempe frykt er det viktig at ikkje framstillinga av utanrikspolitikken blir for einskapleg, meiner forskarane bak ein ny artikkel.

Foto: skynesher/iStock

I ein ny fagartikkel i Norsk Medietidsskrift har NUPI-forskarane Kristin Haugevik og Halvard Leira analysert korleis Supernytt og Aftenposten Junior formidlar nyheiter om verda og norsk utanrikspolitikk til barn og unge.

– Vi veit frå undersøkingar at barn og unge i aukande grad søkjer informasjon og nyheiter frå internett og sosiale medium. I ei tid prega av algoritmestyrte nyheitsstraumar, KI-generert innhald og målretta desinformasjon er barns tilgang til kvalitetssikra nyheiter og kritisk journalistikk viktigare enn nokosinne, forklarer Haugevik.

Derfor var forskarane interesserte i å sjå nærare på kva slags utanriksstoff redaktørstyrte nyheitsmedia for barn formidlar.

Stor del internasjonale nyheiter

Samla har dei to forskarane gått gjennom rundt 40 utgåver av Aftenposten Junior og rundt 200 episodar av Supernytt.

– Begge media har ganske mange saker som handlar om noko internasjonalt. For Supernytts del gjeld det omtrent ein tredel av innslaga i utvalet vi har sett på, seier Haugevik. 

Fleire av sakene i begge media handlar om barn som gjer noko – dei trur på noko og set engasjementet ut i livet. Eit døme er saka frå Aftenposten Junior om den 11 år gamle canadiske jenta Capri, som «drog til 80 land og song nasjonalsongen deira» for å samle inn pengar til foreldrelause barn. 

– Verdsnyheiter for barn og unge synest i større grad enn verdsnyheiter for vaksne å få ei form vi kan kalle «infotaiment» – lettbeinte, varierte og positivt vinkla historier frå verda «der ute». Ofte er det kvardagsliva til barn og unge som står i sentrum, seier Leira.

a2363bf03613-Kristin-og-Halvard.jpg

Lite kritikk og debatt

Norsk utanrikspolitikk er sjeldan eksplisitt til stades i sakene i Aftenposten Junior, i Supernytt er det ein del fleire saker om dette. Når Noreg opptrer som utanrikspolitisk aktør i Supernytt, er det gjerne med positivt forteikn. I utvalet forskarane har sett på, blir gjerne Noreg framstilte som eit land som opptrer i samsvar med internasjonale lover og reglar, og som både har evne og vilje til å påverke verda rundt seg.

Forskarane finn at det generelt er lite kritikk av norsk utanrikspolitikk i sakene dei har sett på. Det er også lite debatt mellom folk som er usamde om utanrikspolitikk. Politikarar frå opposisjonspartia opptrer sjeldan i rolla som opposisjonspolitikarar. 

– Sånn sett kan vi seie at Aftenposten Junior og Supernytt i mindre grad enn nyheitsmedium for vaksne, tek den tradisjonelle rolla til media som «fjerde statsmakt», seier Leira.

På kostnad av kritisk tenking?

Forskarane forklarer at det ser ut til at ei viktig drivkraft for dei to media dei har sett på er å avmystifisere det som blir oppfatta blir fremja og annleis. Ei anna drivkraft ser ut til å vere å dempe frykt og uvisse.

– I dekninga av byrjinga av Ukraina-krigen i 2022 ser vi til dømes korleis formidlinga av alvor blir balansert mot omsynet til å dempe frykt og presentere moglegheita for ei positiv framtid: Russlands angrep på Ukraina er alvorleg, men barn treng ikkje å vere redde for at krigen kjem til Noreg, utdjupar Haugevik, 

Men sjølv om det er forståeleg og viktig at medium retta mot barn prøver å dempe frykt er det viktig at ikkje framstillinga av utanrikspolitikken blir for einskapleg.

– Gode borgarar må også setjast i stand til å tenkje kritisk. Barnenyheiter må nødvendigvis ha ein annan og enklare form enn vaksennyheiter, men det er viktig at også barn blir medvitne dei nyansane og usemja som faktisk finst i debatten om verdspolitikken og norsk utanrikspolitikk, avsluttar Leira.