Verdshistorias mest varsla hungersnød
STREKKER IKKJE TIL: Matforsyningane til Gaza, som står under full israelsk kontroll, blir medvitent «regulerte» til eit nivå som slett ikkje strekker til for å oppretthalde liv og helse, skriv artikkelforfattaren.
Personer
Fredag 22. august skjedde noko som naudhjelpsorganisasjonar lenge har åtvara mot: FN erklærte at det pågår ein raskt eskalerande hungersnød på Gazastripa.
Ingen bør vere overraska. For dette er verdshistoria si mest varsla svoltkatastrofe. Allereie i desember 2023 fargela FN og bistandsorganisasjonar karta over Gaza med raudt. I 2024 uttalte sjeføkonomen i Verdas matvareprogram at han gjennom to tiår med naudhjelpsarbeid aldri hadde sett noko så ille skje så fort.
Situasjonen har forverra seg dramatisk etter at Israel ikkje slapp inn mat på to månader då våpenkvila med Hamas braut saman i mars. Kaloriane som har kome inn i ettertid, dekkjer ikkje meir enn om lag halvparten av behovet.
I august 2025 talar tala for seg: Så å seie alle menneske svelt på Gazastripa. 641 000 innbyggjarar lid av katastrofal matmangel, og minst 132 000 barn står i fare for å døy av under- og feilernæring, ifølgje analyseverktøyet Integrated Food Security Phase Classification (IPC). Ein slik tilstand av total, altomfattande svolt er historisk sett svært uvanleg.
Som å stogge eit tog i høg fart
Dette er ein levd verkelegheit som ingen tal kan målbere. Matvaremangelen driv mange inn i ekstreme strategiar for å tilpasse seg. Svolt er ikkje berre eit fysiologisk fenomen, men løyser også opp limet i eit samfunn. Ein av tre leitar gjennom søppel etter gjenstandar å selje eller mat å ete. Familiar sel frå seg arvesølvet for eit skarve måltid, og lagar mat i løynd for kvarandre slik at dei skal sleppe å dele.
Men å gjere slutt på hungersnød er dessverre litt som å stogge eit tog i høg fart. Sjølv om det blir ei umiddelbar våpenkvile, vil derfor mange liv gå tapt. Den siste tida har det vore eksponentiell vekst i akutt underernæring blant barn i Gaza by, med ei dobling kvar fjerde veke, viser tal frå IPC. I slutten av september er det derfor venta at halvparten av alle barn vil vere akutt underernærte. Det same gjeld nesten like mange gravide og ammande kvinner.
Situasjonen er fullt og heilt menneskeskapt. Matforsyningane til Gaza, som står under full israelsk kontroll, blir medvitent «regulerte» til eit nivå som slett ikkje strekker til for å oppretthalde liv og helse.
Gaza Humanitarian Foundation, som har nære band til amerikanske og israelske tryggingsapparat, tok over det meste av matutdelinga etter at andre humanitære organisasjonar blei kasta på dør i mars.
Sidan den tid har over 1800 menneske blitt drepne medan dei forsøker å få tilgang til nødhjelp, som følgje av skyting frå vakter, det israelske militæret, og panikk i desperate folkemengder. Fire faste matutdelingspunkt er plasserte i militære ingenmannsland, der det er eit reelt problem at folk brukar fleire kaloriar enn dei får igjen på å gå turen. Under ein pågåande hungersnød har dei få utdelingspunkta i periodar vore opne i snitt rundt ein halvtime per dag.
Tida for unnskyldningar er over
Ifølgje svoltforskar Alex de Waal er Israels matutdelingsstasjonar ikkje berre dødsfeller, men alibi. Han samanliknar systemet med å stå på kanten av ein stor dam og mate dei (utsvoltne) fiskane ved å kaste brødsmular. Kven får ete rasjonane? Det same gjeld farlege flyslepp av matrasjonar.
Det står ikkje på pengar eller vilje til å hjelpe, men på tilgang: I området finst det nok naudhjelp til å brødfø Gazas befolkning i månadsvis.
Situasjonen føyer seg inn i eit oppsving i bruk av svolt som våpen det siste tiåret – særleg i konfliktar i Jemen, Etiopia og Sudan. Gaza er ikkje den einaste staden i verda der folk lid og svelt. Det er heller ikkje den einaste staden der svolt blir brukt som eit politisk våpen. I det meir folkerike Sudan finn det stad ein hungersnød der fleire har behov for mathjelp.
Det som gjer situasjonen unik, er omfanget, viljen og planlegginga. Det er verd å minne om at den israelske hæren under tidlegare konfliktar har lagt effektivt til rette for humanitær hjelp i samarbeid med FN. No set den i gang nye militære offensivar under pågåande hungersnød.
For denne sveltekatastrofen er eit resultat av ein villa politikk frå den israelske regjeringa, som nyttar ressursane til ein moderne, rik og mektig stat til å gjere palestinsk liv i Gaza bokstaveleg tala uleveleg.
Det bør også gjere inntrykk på norske politikarar som driv valkamp ved å sløre til Israel sitt ansvar for hungersnøden. Tida for unnskyldningar er over. Berre fullt press for ein permanent våpenkvile kan redde menneska på Gazastripa.
Denne kronikken ble først publisert i Morgenbladet fredag 29.08.2025.