Noregs interesser blir ramma i aukande grad av globale tryggingsutfordringar. Dette blir akselerert av viktige utviklingstrekk ved den teknologiske tidsalderen der moderne samfunns infrastruktur er av teknologisk art. For Noreg representerer dette nye tryggingsutfordringar som er tett kopla saman med eit meir globalt, uoversiktleg og komplekst landskap. Den globale teknologiutviklinga inneber nye og stadig meir alvorlege og grenseoverskridande utfordringar når det gjeld tryggleik på område som kraft, finans, transport, industrispionasje, cyber-crime etc. Slike truslar gjennom det digitale rommet kan ikkje reduserast til spørsmål som berre omfattar IKT, tekniske løysingar og/eller forsvarsmekanismar. Tekniske forhold heng saman med politiske vurderingar som fattast internasjonalt på den globale arenaen. Desse avgjerdene har implikasjonar for norske tryggingsutfordringar. Derfor er det viktig at Noreg har ein strategi for å jobbe med desse spørsmåla internasjonalt slik at vi kan vere til stades og øve innverknad på avgjerdene der desse fattast.
Tryggingsutfordringar knytt til det digitale rommet representer på denne måten eit politisk felt som koplar innanrikspolitikk og utanrikspolitikk tett saman. For å handtere tryggingsutfordringane som sårbarheitsutvalet har peika på er derfor Noreg heilt avhengig av å jobbe breitt internasjonalt og å byggje vidare på globale støttespelarar som NATO, EU og FN. Men tryggingsutfordringane i det digitale rommet bringar også nye aktørar, private og ikkje-statlege, på banen i internasjonal politikk som blir viktige å samhandle med for Noreg.
Globale utviklingstrekk får på denne måten klare innanrikspolitiske implikasjonar, spesielt når det gjeld tryggleik. Dette inneber at funnet frå sårbarheitsutvalet i stor grad må følgjast opp av breitt internasjonalt arbeid. I dette seminaret ønskjer vi å klargjere nettopp desse koplingane mellom det internasjonale og det innanrikspolitiske.
Medarrangør for dette seminaret er Center for Cyber and Information Security.