Denne konferansen rettar søkjelyset mot moglegheitene innanfor tryggingspolitikken – i internasjonal politikk og for Noreg. Den markerer samtidig opninga etter pandemien og byrjinga på ein ny tradisjon: Ein norsk utanrikspolitisk konferanse i NUPIs regi kvart år.

Med oss har vi ei rekkje forskarar frå NUPI som vil klargjere viktige utfordringar og viktige moglegheiter på fire sentrale område: Den globale ordenen og multilateralismen under press, Transatlantiske relasjonar, Europa som ein maktpol i verda, og Nordområdene, stormaktene og det norske handlingsrommet.

Konferansen blir avslutta med ein samtale og diskusjon om desse temaa mellom utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) og leiar for utanriks- og forsvarskomiteen til stortinget og utanrikspolitisk talsperson Anniken Huitfeldt (Ap).