I desember 2019 presenterte Europakommisjonen «European Green Deal» - på norsk Europas grøne giv. Sidan den gong har detaljane i satsinga blitt operasjonalisert, og i juli i fjor blei ho følgt opp med ei rekkje forslag som er kjend som FitFor55-pakken. Europas grøne giv representerer ikkje berre eit nytt kapittel i EUs strev etter å halde oppe ei leiande rolle innan klima globalt. Den er også den mest omfattande berekraftsstrategien som unionen nokosinne har skapt, og strekkjer seg på tvers av område og sektorar som tidlegare ikkje blei målte på miljø- og klimaindikatorar.
Likevel demonstrerer både covid-19-pandemien og Russlands invasjon av Ukraina med etterfølgjande kriser på ulike område kor vanskeleg det er å setje ein så ambisiøs strategi ut i livet. Spørsmål om EUs «strategiske autonomi», som ein gong var ein diskusjon som handla om tryggingsfeltet, blir no også reist i tilknyting til det grøne skiftet.
Noregs plass i alt dette er viktig, men også uklar. Dagen før Russlands invasjon av Ukraina annonserte statsminister Jonas Gahr Støre og Europakommisjonens president Ursula von der Leyen ein grøn allianse mellom Eu og Noreg («EU-Norway Green Alliance»). Eit partnarskap med Noreg blir også nemnt i nyleg kommunikasjon om EUs eksterne energiengasjement.
I kva grad er Noreg eit viktig element i kommisjonsvisjonen om eit grønt skifte under den grøne given i unionen? I kva sektorar utover olje og gass er Noregs bidrag forventa og velkomne? Og kva hinder kan dette partnarskapet risikere å møte på fordi Noreg ikkje er medlem i EU? Dette er nokre av spørsmåla vi diskuterer på dette webinaret.
Webinaret blir arrangert som del av forskingsprosjektet Noreg og Europa mot 2030, og NUPIs seminarserie om klima og energi.