Hopp til innhold
NUPI skole

Victoria Sjöberg har skrive årets beste studentartikkel

Sjöberg er vinnar av Ordingprisen 2023 – tidsskriftet Internasjonal Politikks pris for beste artikkel skrive av ein student. Ekstra spesielt er det at det er ein artikkel basert på ei bacheloroppgåve, ikkje ei masteroppgåve, som får prisen i år.
Victoria Sjonberg.jpg

– Eg er så utruleg takksam for denne moglegheita og å få ta del i denne æra allereie på bachelornivå kjenst heilt uverkeleg. Eg ser så utruleg mykje fram til å sjå artikkelen min i trykk. Det er verkeleg ein draum som har gått i oppfylling, seier prisvinnar Victoria Sjöberg, som er student ved Göteborgs universitet.

Ordingprisen er NUPI-tidsskriftet Internasjonal Politikk (IP) si årlege utmerking for beste studentartikkel. Prisen har fått namn etter Arne Ording, som var tidsskriftet Ips første redaktør, frå 1937-1960.

Hadde ein «Fru UD»-manual

– Då eg skreiv bacheloroppgåve, var temaet diplomatfruer. Eg har lenge vore fascinert av den kvasioffisielle rolla deira  innan diplomati. Diplomatfruer har historisk sett vorte forventa å vere arbeidslause for å kunne vie seg til sine plikter, noko som mellom anna innebar å delta og halde i ulike arrangement og dessutan å skape kontaktar med andre diplomatfruer. Den sosiale kompetansen til dei norske fruene vart rekna som så viktig for suksessen til oppdraget at dei hadde ein manual som vart kalla "Fru UD", forklarer prisvinnar Sjöberg.

Sidan 70-talet har kvinner som har vore gift med diplomatar mobilisert i fleire land for å få bukt med desse forventningane, forklarer ho.

Artikkelen undersøkjer derfor om tradisjonelle idear om korleis ei diplomatfrue skal vere, framleis lever vidare i dagens norske utanriksdepartement.

Fekk ikkje lov til å jobbe

Sjöberg understrekar at det betyr mykje for henne å gi denne gruppa ei stemme, sidan dei på mange måtar har vorte gløymde.

– Personleg trur eg at det kan komme av at diplomatfruer kan stå fram som ein privilegert elite som ikkje har nokon problem. Av denne grunnen har det vore viktig for meg å løfte fram vanskar i deira situasjon, til dømes at moglegheita til betalt arbeid blir avgrensa av lover både i Noreg og i landet dei flyttar til. Som ein kan lese i artikkelen fekk til dømes ei av kvinnene eg intervjua ein spesiell ID då ho flytta til Etiopia der det stod “Housewife - nót allowed to work paid or unpaid”.

 – Mykje solid forsking

Sidan 2008 har Ordingprisen vorte delt ut kvart år til beste fagartikkel av allmenn interesse skrive av ein student på bachelor- eller masternivå frå eit av dei nordiske landa for å fremje fag, aktualitet og betydninga av å formidle dette på norsk eller eit av dei andre skandinaviske språka.

–  I år fekk vi inn spesielt mange bidrag til konkurransen, etter to år utan prisutdeling. Det er imponerande å sjå kor mange sterke bachelor- og masteroppgåver som blir skrivne innan temaet internasjonal politikk. Her er det mykje solid forsking. Juryen måtte velje ut éin vinnar, men vi vil sterkt oppmode også andre til å omarbeide gode oppgåver om til fagartiklar, seier seniorforskar og IP-redaktør Minda Holm.

Vinnarbidraget blir publisert i IP seinare i år.

Juryen bestod i år av Jenny Lorentzen og Thor Olav Iversen, begge seniorforskarar ved NUPI.

Juryfråsegn

«Ordingprisen 2023 går til Victoria Sjöberg for bidraget hennar om medfølgjande partnarar i den norske utanrikstenesta: “The role of diplomatic spouses: a Bourdieusian exploration: Expectations and restrictions of contemporary diplomatic spouses".

Studenten nyttar Bourdieu sine konsept om felt, kapital, og eit kjønna habitus for å studere om tradisjonelle idear om “diplomathustruer” framleis blir halde ved like og blir praktiserte i den norske utanrikstenesta. Oppgåva viser modnad, god teoretisk forståing, og evne til å utvikle eit teoretisk rammeverk og sidan nytte dette for å analysere eit originalt empirisk materiale. Oppgåva evnar også å identifisere og plassere eigne verdifulle bidrag til forskingslitteraturen, både med tanke på val av case og teori. 

Komiteen vil gjerne anerkjenne det ekstraordinære ved at Ordingprisen i år blir gitt til ei bacheloroppgåve. Sist det skjedde, var for 11 år sidan. Vi håpar at forfattaren vil ta dette som ei klar oppmoding til å halde fram med studiane sine av diplomatiske praksisar og internasjonale spørsmål.»

 

Temaer

  • Diplomati
  • Utenrikspolitikk

Tidlegare vinnarar av Ordingprisen:

  • 2020: Anni Roth Hjermann, University of Cambridge
  • 2019: Jakob Schram, University of Oxford
  • 2018: Henriette Ullavik Erstad, Universitetet i Oslo
  • 2017: Antoine de Bengy Puyvallée, Universitetet i Oslo
  • 2016: Maïka Skjønsberg, Université Libre de Bruxelles                   
  • 2015: Øyvind Svendsen, London School of Economics
  • 2014: Martin G. Søyland, Universitetet i Oslo
  • 2013: Bo Tandrup Christensen, Handelshøjskolen i København
  • 2012: Ingvild Johnsen, Universitetet for miljø og biovitskap
  • 2011: Bjørnar Sverdrup-Thygeson, Universitetet for miljø og biovitskap
  • 2010: Andreas Østhagen, London School of Economics
  • 2009: Mathias Ormestad Frendem, Universitetet i Oslo
  • 2008: Johan Skog Jensen, Universitetet i Oslo