Hopp til innhold
NUPI skole

Korleis vil EU sin 'Green Deal' påverke Noreg?

Ein ny NUPI-rapport ser på kva konsekvensar EU sin grøne giv vil ha for Noreg og norsk europapolitikk.
EU-Norge-flagg_system_toppbilde.jpg

OMFATTANDE: - EU sin grøne giv er eit omfattande sett av tiltak og reglar som skal redusere utslepp og skape grøne jobbar i EU. Dei meste av dette vil måtte innførast også i Noreg, for EØS-avtalen tilseier at EU sine reglar om det indre marknad også gjeld for Noreg, seier forskingssjef Ole Jacob Sending ved NUPI

Foto: NTB/Scanpix

EU lanserte i 2019 European Green Deal - eller EU sin grøne giv. EU sin grøne giv er både ein klimastrategi for å nå måla i Parisavtalen, men også ein økonomisk vekststrategi. Den vil definere EU sine prioriteringar i åra som kjem.

Det er liten tvil om at den grøne given til unionen vil påverke Noreg i stor grad.

- EU sin grøne giv er eit omfattande sett av tiltak og reglar som skal redusere utslepp og skape grøne jobbar i EU. Dei meste av dette vil måtte innførast også i Noreg, for EØS-avtalen tilseier at EU sine reglar om det indre marknad også gjeld for Noreg, seier forskingssjef Ole Jacob Sending ved NUPI

Planen er altså både omfattande og ambisiøs.

 

Kva med Noreg?

Men kva konsekvensar kan denne planen få for Noreg og norsk europapolitikk? Det ser ei rekkje NUPI-forskarar, deriblant Sending, på i rapporten EU sin grøne giv - implikasjonar for norsk europapolitikk.

Rapporten er finansiert av Utenriksdepartementet.

Sjølv om Noreg ikkje er med i EU, er vi tett kopla til EU via ei rekkje ulike avtaler, medrekna Klimaavtalen som definerer felles mål for reduksjon av klimautslepp.

Men den desidert viktigaste avtalen er EØS-avtalen, fordi den bindar Noreg til EU sine reglar som handlar om det indre marknad.

 

- Berre høve til å påverke tidleg

- Grøn giv endrar målbiletet til EU og til mange av medlemslanda til EU som Noreg er avhengig av å ha eit godt forhold til. Interessefellesskapet med f.eks. Sverige og Danmark kan kome til å sjå annleis ut gjennom eit grønt skifte, kvar synet på norsk gass kan endre seg. Vidare fungerer EØS avtalen som ei bru mellom EU sin politikk og Noreg, men Noreg har berre høve til å påverke innhaldet i ny politikk tidleg i prosessen via deltaking i ulike ekspertgrupper. Gitt omfanget på nye reglar som Grøn giv inneber, så vil det krevje utstrekt koordinering både politisk og i byråkratiet for ein effektiv og omforent politikk. Dette er viktig for å varetake norske interesser i eit grønt skifte, seier Sending.

 

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Økonomisk vekst
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Norden
  • Klima
  • EU

Fakta

Hovudkonklusjonar og -tilrådingar frå rapporten:

• Det er ei spenning i Noreg mellom energipolitikken i form av framleis olje- og gassproduksjon, på den eine sida, og ambisiøse klimamål, på den andre.

EU sin grøne giv lyfter klimapolitikken til politikken sin elitedivisjon og kan gjere det meir krevjande å handtere denne spenninga. Tradisjonelle allierte i EU - som Sverige og Danmark - har f.eks. eit anna syn på gass som del av løysinga enn det Noreg har.

• Grøn giv inneber at EU utviklar nye reglar med potensielt stor tyding for Noreg, men det forvaltningsmessige oppsettet for vurdering og handtering av nye EU reglar i Noreg er ikkje tilpassa ein slik auke i volumet på nye reglar.

• Grøn giv er "sektorovergripande" og trekkjer EU-Kommisjonen i retning av større integrasjon på tvers av ulike saksfelt. Men norsk forvalting er definert av eit sektorprinsipp. Dette inneber ein omfattande auke av behovet for koordinering på tvers av ulike departement og etatar i Noreg.

• Fordi Noreg står utanfor EU, har Noreg størst høve til å påverke innretting på nye reglar og tiltak tidleg i prosessen, gjennom deltaking i ekspertgrupper i ein førebuande fase. Tempoet og omfanget av nye reglar som no blir utarbeidt gjer dette arbeidt krevjande.

• Grøn giv inneber ein serie med endringar som potensielt grip inn i gjeldande konfliktlinjer i norsk politikk knytt til EØS og suverenitetsavståing.

• Det er behov for auka kunnskap og dialog mellom forvaltinga, næringslivet, akademia og sivilt samfunn om kva moglegheiter og utfordringar EU sin grøne giv inneber. Eit "grøn giv-forum" kan vere nyttig for å sikre at ulike norske aktørar utnyttar dei moglegheitene som ligg i EU sin grøne giv.

• Grøn giv viser at EØS-avtalen har avgrensingane sine som det sentrale tilkoplingspunktet til EU. Ein meir institusjonalisert dialog på øvste politiske nivå mellom Noreg og EU vil kunne hjelpe med å bøte på desse utfordringane.