Russlandsforskarane på NUPI har, i samarbeid med andre norske russlandsmiljø, fått finansiering av Forskingsrådet til eit nasjonalt nettverk for russlandsforskarar. Russlandsnettverket (RUSNETT) er eit nytt, tverrfagleg nettverk for forskarar som arbeider med problemstillingar knytt til russisk politikk og samfunnsutvikling. Nettverket tar sikte på å formidle forskingsbaserte innsikter, bidra til kunnskapsutveksling med politikarar og forvaltning, og medverke til eit betre informert offentleg ordskifte. Som del av nettverksprosjektet vil det jamleg sendast ut nyheitsbrev om kva som går føre seg i norsk russlandsforsking, blant dei arrangement og publikasjonar om Russland. Meld deg på nyheitsbrevet her! 

Konferansen vil vere ei lansering av Russlandsnettverket, og byr på foredrag og innlegg frå nokre av dei fremste russlandsforskarane i landet, og dessutan høve til å ta del i diskusjonar om dei siste trekka innan russisk politikk og samfunnsutvikling. 

Vi er no også veldig glade for å kunne annonsere at utanriksminister Anniken Huitfeldt vil opne konferansen!

MERK:

Denne konferansen vil  gå som eit fysisk arrangement i Wergeland-salen på Litteraturhuset, og samtidig blir direkte strøymd til NUPIs YouTube-kanal. Der kan sjåarane også  delta ved å stille spørsmål via chatfunksjonen. Alle som var registrerte på denne sida har fått tilbod om å registrere seg for fysisk deltaking.

 Dei som ønskjer å vere til stades fysisk må registrere seg via denne lenkja.

Det er berre nokre få plassar og førstemann til mølla gjeld. For å delta digitalt er det ikkje behov for å registrere seg og inga plassavgrensing. Konferansen startar 09.00 presis, vi vil derfor tilrå tidlegare oppmøte. 

Smittevern:

Sjølv om mange er vaksinerte, er ikkje pandemien over. Dei generelle råda for smittevern som framleis gjeld er: 

Hald deg heime viss du er sjuk.  

Test deg for covid-19 viss du har symptom på luftvegsinfeksjon. Dette gjeld både vaksinerte og ikkje-vaksinerte.  

Ha god hand- og hostehygiene 

Viss du tilhøyrer ei risikogruppe, følg råd til personar i risikogrupper (fhi.no)