Ordingprisen 2025 til Vilde Friis Ruud
Personer
Vinnar av Ordingprisen 2025 er Vilde Friis Ruud.
Ordingprisen er ein årviss pris delt ut av redaksjonen i Tidsskriftet Internasjonal Politikk (IP) til den beste fagartikkelen skriven av ein bachelor- eller masterstudent frå Norden. Prisen er oppkalla etter tidsskriftets første redaktør, Arne Ording, og har vorte delt ut sidan 2008.
– Det er verkeleg stas! Det kjennest utruleg fint å bli anerkjend for det arbeidet ein har gjort, og ikkje minst å bli føyd inn i rekkja av alle dei dyktige vinnarane som har motteke prisen før meg, seier prisvinnaren.
Ruuds oppgåve har tittelen «The Battlefield of the Body and the Birth of Boundaries – Gender, Children and Necronationalism in the War in Ukraine».
– Ufatteleg viktig
Her undersøkjer Ruud korleis russisk seksuell vald og tvangsflytting av ukrainske barn påverkar den ukrainske nasjonen.
– Under eit utvekslingsopphald i Paris tok eg eit fag om ekstrem vald, der vi mellom anna lærte om rolla seksuell vald og kidnapping av barn spelar i folkemord. Sjølv om tematikken er bekmørk, opplevdest det òg som ufatteleg viktig, og eg bestemte meg for at eg ville undersøkje denne dynamikken nærare i masteroppgåva. Eg har òg familie frå Ukraina, som gjorde regionen til eit naturleg fokuspunkt for meg, fortel Ruud.
Ruud har tidlegare vore masterstudent ved NUPI, arbeider no i kommunikasjonsbyrået Pressure, og skal frå hausten ha permisjon for å ta ein master i kjønnsstudium ved the University of Cambridge.
– Der skal eg halde fram arbeidet mitt med å sjå på effektane av seksuell vald på nasjonalisme. Det gler eg meg veldig til, seier Ruud.
Juryarbeidet vart utført av Lars Gjesvik, Anni Roth Hjermann og Thor Olav Iversen, alle seniorforskarar ved NUPI.
"Langt over kva som kan ventast"
I grunngjevinga si skriv dei mellom anna:
"Dette er eit sterkt bidrag som på fleire område er langt over kva som kan ventast av ein masterstudent. Det empiriske arbeidet er imponerande og grundig, og trekkjer på eit variert kjeldemateriale. Særleg er feltarbeidet i Polen, der relevante partar i Ukraina har vorte intervjua, imponerande, og må ha involvert eit monaleg førebuande arbeid. Empirisk sentrerer oppgåva altså ukrainske perspektiv på krigen.
Breidda av teoretiske diskusjonar som vert dregne inn og fletta saman er særleg imponerande, då oppgåva mellom anna nyttar teori frå antropologi, poststrukturalistisme, postkolonialisme og internasjonale relasjonar for å konstruere sitt eige konseptuelle rammeverk som fremjar forståing av korleis overgrep mot kvinner og barn i ein kontekst av krig kan påverke nasjonalisme. Ei lang rekkje tematikkar vert lyfta fram og drøfta frå ulike perspektiv, og teksten evnar å trekkje fram likskapar og komplementerande perspektiv på ein imponerende måte. Analysen synleggjer også nokre av dei ressursane ukrainarar kan nytte seg av i bygginga av nasjonale identitetar som står i motsetnad til Russland, herunder liberale kjønnsverdiar."
Vinnarbidraget kjem som en artikkel i eit seinare nummer av Internasjonal Politikk.
Personer
Tidlegare vinnare av Ordingprisen
- 2024: Hans Iver Traaseth, Sciences Po
- 2023: Victoria Sjöberg, Göteborgs universitet
- 2020: Anni Roth Hjermann, University of Cambridge
- 2019: Jakob Schram, University of Oxford
- 2018: Henriette Ullavik Erstad, Universitetet i Oslo
- 2017: Antoine de Bengy Puyvallée, Universitetet i Oslo
- 2016: Maïka Skjønsberg, Université Libre de Bruxelles
- 2015: Øyvind Svendsen, London School of Economics
- 2014: Martin G. Søyland, Universitetet i Oslo
- 2013: Bo Tandrup Christensen, Handelshøjskolen i København
- 2012: Ingvild Johnsen, Universitetet for miljø og biovitskap
- 2011: Bjørnar Sverdrup-Thygeson, Universitetet for miljø og biovitskap
- 2010: Andreas Østhagen, London School of Economics
- 2009: Mathias Ormestad Frendem, Universitetet i Oslo
- 2008: Johan Skog Jensen, Universitetet i Oslo