Hopp til innhold
NUPI skole

NUPI på Arendalsuka: Her finn du oss

Wagner-gruppa har ikkje berre vore ein nøkkelspelar i krigen i Ukraina, men har også omfattande aktivitetar i Afrika. Dette inviterer NUPI til eit eige arrangement om under Arendalsuka. I tillegg skal dei eminente forskarane våre delta i ei rekkje andre panel. Få med deg kor du finn oss i denne saka!

MÅNDAG 14. AUGUST

NORDEN I NATO! NORDEN I EU?

Arrangør: Universitetet i Søraust-Noreg
Tid: 16.00 – 17.00
Stad: Ishavsskuta Bertine ved Hotel Tyholmen

Med finsk og svensk medlemskap i NATO vil det tryggingspolitiske biletet i Norden endrast. Kva betyr det at Danmark, Finland og Sverige samtidig er medlemmar av EU, når Noreg og Island ikkje er det? Vil situasjonen påverke tryggleik- og forsvarspolitisk samarbeid i Norden? I panelet sit NUPI-direktør Ulf Sverdrup, Ine Eriksen Søreide (H) og Knut Storberget.

 

TYSDAG 15. AUGUST 

SLIK KAN NOREG TA LEIARSKAP FOR KLIMAFINANSIERING

Arrangør: Kirkens Nødhjelp, Røde Kors, Redd Barna, Flyktningehjelpen, Norsk Folkehjelp, Caritas
Tid: 08.00 – 08.45
Stad: Clarion Hotel Tyholmen

I april vart rapporten «Hvis ikke Norge, hvem?» lansert av klimafinansieringsutvalet. Rapporten viser korleis Noreg kan ta globalt leiarskap for klimafinansiering i ei verd der midlane finst, men politisk vilje og innovasjon er mangelvare. Korleis kan Noreg best gripe moglegheitene? Samtala vil også gå føre seg i lys av den ferske ekspertutvalsrapporten «Investering i en felles fremtid», om framtida til norsk bistand, eit utval som vart leidd av Ole Jacob Sending, forskingssjef hos NUPI. Han blir å finne i panelet saman med ei rekkje andre kjende namn.

 

NATO ETTER VILLIUS-TOPPMØTET

Arrangør: Den norske atlanterhavskomiteen, Folk og forsvar
Tid: 09.00-11.00
Stad: Arendals Sjømandsforening

Vel ein månad etter Natos toppmøte i Vilnius 11.-12. juli vil vi ta for oss kva for nokre viktige avgjerder alliansen har kunna einast om og kva utfordringar NATO står overfor i tida framover. Russlands krig i Ukraina har gjort tydeleg at naboen vår i aust er ein direkte trussel, særleg for dei europeiske medlemmene i alliansen. Samtidig representerer Kina, med sine ambisjonar og aggressive politikk, ei utfordring for alliansen samla sett. Vil avgjerdene under Vilnius-toppmøte prege NATO-samarbeidet framover?

Karsten Friis, som er forskar 1 ved NUPI, deltek i panelet.

 

RUSSLAND OG WAGNER I AFRIKA: VÅPEN, GULL OG DIAMANTAR

Arrangør: Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI)
Tid: 12.00 – 13.30
Stad: Clarion Hotel Tyholmen

Her kan du lese om arrangementet på NUPIs nettsider.

Dette er eit NUPI-arrangement, der NUPI-forskarane Morten Bøås og Kari Osland møter journalist Maren Sæbø til samtale om aktivitetane til Wagner-gruppa i Afrika.

Morten Bøås, som er forskar 1 hos NUPI, har studert afrikanske konfliktar i ei årrekkje. Frilansjournalist Maren Sæbø, som nyleg returnerte frå Sudan, har i fleire år skrive om afrikanske spørsmål. Begge har følgt med på aktivitetane i Wagner-gruppa i Afrika. Samtalen blir leidd av Kari Osland, seniorforskar og påtroppande direktør for NUPI. Ho forskar på fred og konflikt i Sahel og på Balkan.

 

GEOPOLITIKK OG OLJEFONDET

Arrangør: Storebrand
Tid: 12.30 – 13.30
Stad: RS Storebrand, på dekk

Oljefondet er ei svært viktig kjelde til finansieringa av velferda vår. Om lag kvar femte krone som blir brukt over statsbudsjettet kjem frå fondet. Å sørgje for ei god og forsvarleg forvaltning, er derfor avgjerande. Ulf Sverdrup, direktør ved NUPI, har leidd eit utval som har sett på langsiktige perspektiv for Statens pensjonsfond utland. Her kan du møte Sverdrup i samtale med Olav Chen i Storebrand og professor Øystein Tunsjø frå Institutt for forsvarsstudium.

 

RAPPORTLANSERING: Å SPARE SEG TIL FANT – KORLEIS NOREG KAN FINANSIERE BISTANDEN I FRAMTIDA

Arrangør: Redd Barna, Flyktninghjelpen
Tid: 13.00 – 14.00
Stad: Impact Hub Agder Arendal

Med meir ekstremvêr, klimaendringar og langvarige konfliktar, vil gapet mellom behova for utviklingsbistand, klimafinansiering og nødhjelp og den reelle finansieringa halde fram med å vekse. Dersom vi skal sikre at finansiering av nye kriser ikkje går ut over pågåande kriser er det er behov for nye og innovative former for finansiering.

Dette vil bli krevjande, men Nansen-programmet for Ukraina og ekstraløyvinga til land i sør som er særleg ramma av ringverknadene til krigen er eit tydeleg døme på at der det finst vilje finst det ein veg.

Redd Barna og Flyktninghjelpen inviterer til ei spennande rapportlansering om nye finansieringsløysingar for dei store behova verda står overfor. Her vil forskarar, økonomar og politikarar diskutere korleis Noreg kan vise veg og tenkje nytt om utviklingsfinansiering. Ole Jacob Sending, forskingssjef ved NUPI, er med i panelet.

 

GRØNE VERDIKJEDER I EIN UROLEG MARKNAD; KORLEIS KAN PRIVAT OG OFFENTLEG KAPITAL BIDRA TIL VEKST?

Arrangør: Nysnø Klimainvesteringer, Eksfin
Tid: 15:00 – 16:00
Stad: Rygerelektra 

Det siste året har vore prega av store endringar i omgivnadene våre: Eit år med krig i Europa med etterfølgjande energikrise og rekordhøge straumprisar. Aukande inflasjon og renter, og samla sett eit meir krevjande makrobilete, og dessutan auka uvisse i finansielle marker etter konkursane i bankar med stor eksponering mot tidleg fase selskap. Og ikkje minst – dei nye amerikanske rammevilkåra for utvikling av nye grøn industri (IRA) som har stor påverking på det globale konkurransebiletet. Korleis påverkar dette Noregs evne og høve til å byggje nye framtidsretta grøne verdikjeder?

Korleis skal vi evne å møte etterspurnaden frå vår viktigaste eksportmarknad, Europa, som treng både meir norsk kraft og viktige innsatsfaktorar til ei europeisk solverdikjede?

Noreg er heilt avhengig av risikokapital og risikoavlasting viss vi skal lykkast, og vi diskuterer korleis statleg og privatkapital kan spele saman for å akselerere utviklinga.

Her treff du NUPI-direktør Ulf Sverdrup. 

 

ENERGINASJONEN ETTER ENERGIKRISA

Arrangør: NHO
Tid: 16:00 – 17:00
Stad: MØR biffhus

Kva møter energinasjonen Noreg etter energikrisa i Europa? Kva må vi som energinasjonen vere førebudde på, og korleis kan vi på best mogleg måte møte utviklinga?

Energikrisa har hatt store konsekvensar for verdiskapinga i næringslivet og kjøpekrafta i befolkninga i heile Europa. Den geopolitiske situasjonen skaper endringar både i politikk og marknader, og uvissa om utviklinga framover er høg. Styresmakter på alle nivå strevar med å finne gode svar på kva som gir berekraft, tryggleik og konkurransekraft. EU har samla seg om ei rekkje tiltak for å redusere sårbarheita for import og styrkje konkurranseevna. USA har etablert nye store støtteprogram for næringslivet som gir globale utslag.

På dette arrangementet presenterer vi hovudtrekka i prosjektet vi har kalla «Energinasjonen etter energikrisa» og inviterer til diskusjon om vegvala vi står overfor. Korleis ser biletet ut for Noreg som energinasjon etter energikrisa?

NUPI-direktør Ulf Sverdrup er med i panelet.

 

PUBINAR: KINA I ARKTIS

Arrangør: Fridtjof Nansens Institutt
Tid: 21:00 – 22:00
Stad: No9 CC Café

Kina har fått ei sterkare stemme i internasjonal politikk og har retta merksemd mot nordområda og moglegheitene som finst der. At det kjem ei ny supermakt inn i Arktis har reist ei rekkje spørsmål blant dei arktiske landa. Når Russland no er avskore frå å samarbeide med Vesten, blir Kina ein viktigare partnar for Kreml – også i Arktis. Kva vil Kina i nord, og kva betyr det for oss i Noreg? Det blir uformell kveldstemning, og forskar 1 Julie Wilhelmsen frå NUPI deltek på den aktuelle fagpraten over ein øl.

 

ONSDAG 16. AUGUST

UBEHAGELEGE SAMTALAR: DEN PERFEKTE STORMEN 2.0

Arrangør: Universitetet i Oslo
Tid: 09.30 – 10.15
Stad: No9 CC Café

På eit liknande arrangement for eit år sidan stilte UiO spørsmålet om kva som skjer om Russland sikrar ein siger i Ukraina, Kina invaderer Taiwan og Donald Trump vinn presidentvalet i USA. Blir demokratiet ein parentes i historia, og er vi på veg mot tredje verdskrig? I år spør dei: Har den perfekte stormen rykt endå nærare? Her møter NUPI-forskar og russlandsekspert Julie Wilhelmsen andre forskarar i ein spennande – og potensielt ubehageleg – samtale.

 

SIKKERT DRIKKEVATN PÅ SVALBARD ER EIN FØRESETNAD FOR NORSK NÆRVÆR

Arrangør: SINTEF
Tid: 10:00 – 10:50
Stad: MS Lofoten, hovudrommet

Svalbards geografiske plassering og krevjande klima gir særskilde utfordringar for samfunnstryggleik og beredskap. I tillegg vil klimaendringane og utviklinga i den internasjonale tryggingssituasjonen gi nye utfordringar. Kritiske samfunnsfunksjonar som sikker vassforsyning er no særleg under press, på grunn av tinande permafrost og avgrensa tilgang til reservevatn. Dersom drikkevatnet fell ut, finst ingen alternativ kjelde. Svikt i vassforsyninga gir også svikt i avløpssystemet – kva gjer vi då?

Regjeringa er i ferd med å utarbeide ny stortingsmelding om Svalbard, og på Arendalsuka ønskjer SINTEF å klargjere blant anna: Kva ambisjonsnivå har vi for kritiske samfunnsfunksjonar på Svalbard? Har den aukande geopolitiske uvissa og klimaendringane betydning for vassforsyningstryggleiken? Korleis kan vi best leggje til rette for føreseieleg forvaltning av kritisk infrastruktur i eit arktisk klima?

Forskar 1 Karsten Friis frå NUPI deltek saman med ei rekkje andre ekspertar.

 

VI MÅ SNAKKE OM FRED!

Arrangør: Internasjonal Kvinneliga for Fred og Frihet (IKFF)
Tid: 12:30 – 13:30
Stad: Frivilligteltet

Menneskja og planeten vår står overfor fleire, samtidige, komplekse og eksistensielle truslar: ein overhengande klima- og miljøkatastrofe, ein galopperande auke av forskjell som skaper fattigdom, svolt, nød – og sinne, ei kvalitativ atomvåpenopprusting med meir effektive altutslettende våpen som dessutan er lettare og enklare å bruke og kan nå måla sine mykje hurtigare enn før. IKFF spør derfor: Korleis arbeid for fredelege løysingar på militære konfliktar? Finst det alternativ til den pågåande militariseringa av samfunnet? Er det mogleg å jobbe for nedrusting? Forskar 1 Julie Wilhelmsen frå NUPI stiller for å svare på spørsmåla.  

 

NRK URIX

Arrangør: NRK
Tid: 14:00
Stad: NRK sin flåte i Pollen

Seniorforskar Niels Nagelhus Schia deltek på Urix-sending om AI og geopolitikk.

 

DEVELOPING GLOBAL SUSTAINABILITY - MORE, FASTER AND LEAVE NO ONE BEHIND - WHAT WORKS?

Arrangør: SINTEF
Tid: 14.00 – 14.45
Stad: Den Lille Andunge

The world is facing major crises related to climate, nature, poverty, health, war, and food security. These crises affect the entire global community and must be solved without leaving anyone behind. What is clear is that we must partner up to solve these challenges together, as UN Secretary-general António Guterres put it: "Co-operate or perish!".

Ole Jacob Sending møter Anneli Alatalo Paulsen og Petter Støa frå SINTEF i denne samtalen, som går føre seg på engelsk.

 

AFRIKAS AUGNEBLINK - MATPRODUKSJON I DEN NYE GEOPOLITISKE RØYNDOMMEN

Arrangør: Yara International
Tid: 15:00 – 16:00
Stad: Den Lille Andunge

 Vi er midt i den største omstillinga av det globale energisystemet i menneskjas historie. Vi erkjenner alle at det globale matsystemet ikkje er berekraftig. Global mattryggleik vil halde fram med å vere sårbart. Den globale klimaklokka tikkar raskare og raskare. Det går føre seg eit globalt kappløp om kritiske materiale og råvarer nødvendig for å avkarbonisere den globale økonomien. Vi har fått ein ny geopolitisk situasjon der problema er mange og svært samansette. I alt dette betyr Afrika svært mykje.

Kva betyr denne utviklinga for norsk Afrika-politikk? Korleis bør det økonomiske og politiske samarbeidet og utviklingssamarbeidet innrettast? Kva bør Noreg prioritere i samarbeidet med Afrika dei kommande åra?

Forskingssjef Ole Jacob Sending deltek i panelet.

 

OPENHEITSLOVA - MÅ VI SLUTTE Å HANDLE MED KINA?

Arrangør: Etisk handel Noreg
Tid: 15.30 – 16.30
Stad: Toppleilegheita på Lille Hotell

På takterrassen blir statssekretæren, politikarar og næringsliv utfordra til debatt om kva som må til for å vareta menneskerettane i handelen med Kina. Den nye openheitslova pålegg norske verksemder å handtere vesentleg risiko og faktiske brot på menneskerettane. Kina er Noregs største handelspartnar etter EU og USA, og Noreg er på mange område heilt avhengig av kinesiske leverandørkjeder. Kva er ansvaret til politikarane og kva er ansvaret til næringslivet? Må vi slutte å handle med Kina?

Ulf Sverdrup deltek her i debatt med blant anna fleire politikarar og forskarar.

 

TORSDAG 17. AUGUST

UTVIKLINGSPOLITIKK VED EIT VEGSKILLE

Arrangør: Arendalsuka, Utanriksdepartementet
Tid: 12.30 – 13.30
Stad: Berekraftsscena

I samarbeid med Utanriksdepartementet tek vi utviklingspolitikken opp til debatt: Korleis blir brukt han som ei brikke i det geopolitiske spelet? Kva skjer på dette feltet når global tillit er under press? Og kan Noreg halde fast ved eit langsiktig perspektiv i ei tid prega av store endringar? Frå NUPI deltek Ole Jacob Sending. Han møter blant anna utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.

 

BØR SUKSESS-FORMELEN TIL FORVALTNINGA AV OLJEFONDET FORLATAST?

Arrangør: Handelshøyskolen BI
Tid: 13.30-14.00
Stad: DN-teltet

Oljefondet har vore i forkant av den største megatrenden i global kapitalforvaltning dei siste 25 åra: indeksfond med stordriftsfordelar og systematisk opne og pålitelege strategiar. Noregs Bank har no bede om ei ny vurdering av om Oljefondet skal kunne investere i såkalla "private equity" der det er stordriftsulemper, vanskelegare å etterprøve forvaltaren, og større risiko. Noregs Bank har ved fleire høve tidlegare, først i 2006, ønskt å få høve til å investere i unoterte aksjar, men har så langt fått nei. Kva har endra seg og kvifor skjer dette no?

I denne debatten får du møte blant anna NUPI-direktør Ulf Sverdrup.

 

"HARALD I BAKGARDEN": ER VI DØMT TIL EIN NY KALD KRIG?

Arrangør: Arendalsuka
Tid: 18.00 – 19.00
Stad: Bakgården

I Bakgården torsdag inviterer Harald Stanghelle til ein samtale om det som skjer både i Russland og her i vest. Frå NUPI stiller forskar 1 Julie Wilhelmsen, som vann Fritt Ords pris i 2023, med Kai Eide og Atle Grønn for å bidra til å gi ei større forståing av kva som skjer og kvifor.

Temaer

  • Forsvar
  • Terrorisme og ekstremisme
  • NATO
  • Internasjonal økonomi
  • Økonomisk vekst
  • Handel
  • Internasjonale investeringer
  • Utviklingspolitikk
  • Diplomati
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Russland og Eurasia
  • Afrika
  • Norden
  • Konflikt
  • Sårbare stater
  • Klima
  • Energi
  • Internasjonale organisasjoner